Datamaskiner til nye elevar

Dersom du byrja i VG1 for første gong hausten 2017, fekk du tilbod om å kjøpe datamaskin gjennom fylkeskommunen. Tilbodet gjekk fram til 30. november 2017.

Du skal ha fått ein SMS om dette. Meir informasjon om tilbodet finn du på fylket sine sider.

Du bør vere merksam på at du er nøydd til å bruke Windows-PC dersom du skal byrje på TIP eller elektro. Det på grunn av programvare som vert nytta ikkje finnes til Mac, til dømes Solid Edge.
 
Me anbefalar uansett at du vel å forsikre datamaskina når du kjøper den, sjølv om du eventuelt hadde fått dekka det gjennom ei anna forsikring. Erfaringa er at elevmaskiner vert utsett for mykje - og reparasjon utan forsikring kan verte både dyrt og tidkrevjande. Forsikringa du kan kjøpe med maskina gjeld for tre år - i dei fleste tilfelle kjem reparatøren på døra dagen etterpå. NB: Det er kun mogleg å velje forsikringa når du kjøper maskina - du kan ikkje bestille forsikringa på eit seinare tidspunkt.
 
Det er lurt å bestille maskin så tidleg som mogleg, så slepp du å vente på datamaskina når undervisninga er komme i gang til hausten.
 
Du må berre ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson