Elevbustad i Sauda

Fasaden til Campus Sauda

Elevbustaden i Sauda har tretti hyblar i to etasjar. Seks av hyblane i første etasje er universelt utforma.

Elevbustaden vil som mange andre hybelhus halde stengt i helgene.

Utleige føregår via Sauda vidaregåande skule, som har ansvaret for drift og tilsyn.

Hyblane

Hyblane med universell utforming er på 19,5 m². Dei andre hyblane er på 12,9 m². I tillegg har kvar hybel ein bod på 2,5 m² i eit separat bygg.

Inventar

  • rammemadrass
  • 2 stolar
  • skrivebord
  • gardiner
  • kjøkken (kjøleskap, induksjonskoketopp og komfyr)
  • garderobeskap
  • dusjforheng

Korleis søke

For å søke om hybel må du fylle ut søknadsskjemaet for skuleåret 19/20. Hugs å lese utleigereglementet som fortel om plikter og rettar i leigeforholdet.

Del denne artikkelen på:

Besøksadresse:
Torsveien 89, 4200 Sauda

Vedlegg
Lenker
Kontaktperson