Privathyblar

Det er mange privatpersonar i Sauda som leiger ut hyblar.

I høgremargen finn du ei liste over privathyblar i Sauda som skulen er kjent med.

Det kan og hende det er privathyblar tilgjengeleg som me ikkje har på lista vår, så det kan vere lurt å sjekke andre stader og. Du kan og sjå om det er noko ledig i elevbustaden.

Leiger du ut til elevar i Sauda, men er ikkje på lista vår? Ta kontakt med oss, så ser me om me kan få lagt deg til.

Ting du bør sjå etter når du skal velje privat hybel

Nøkkelkriterium for eit godt hybeltilvære

  • Utleigar har eit regelverk med forbod mot alkohol og andre rusmiddel
  • Utleigar bur sjølv i huset eller nærmiljøet og kan dermed følge opp leigebuarane
  • Utleigar tilbyr ei form for vaktordning

Utleigeobjekt som me anbefalar at du styrer unna

  • Utleigarar som ikkje har eit strengt regelverk mht. alkohol og andre rusmiddel
  • Utleigarar som leiger ut til fleire elevar i same bygg utan ein tydeleg plan for jamnleg oppfølging
Del denne artikkelen på: