Lånekassen

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Unntaka er lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar

Du må sjølv søke om stipend, og du kan søke først etter at du har fått skuleplass. Når du søker om stipend vurderer Lånekassen om det er andre typar stipend du har rett til.

Slik søker du om stipend

Har du ungdomsrett og har søkt om opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skule? Då er det enklast å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skuleplassen på Vigo. Du finn og søknaden på Dine sider på lanekassen.no

Du kan følge med på korleis det går med søknaden din på Dine sider.

Pass på dersom du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga

Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom du

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga di
  • byter skule eller studieretning 
  • flyttar heim til foreldra dine 

Skulen melder frå til Lånekassen dersom du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak frå eit fag

Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.

Utveksling

Dersom du skal på utveksling må du sende inn stadfesting både frå skulen din i Norge og frå utvekslingsorganisasjonen. Du finn meir informasjon om utveksling i utlandet på Lånekassen sine nettsider.

Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skule.

Del denne artikkelen på: