Lærebøker

Som elev ved Sauda vidaregåande skule får du kvart skuleår låne dei lærebøkene du treng for å følge undervisninga.

Du er likevel pliktig til å ta godt vare på bøkene, og eventuelt erstatte dei dersom bøker vert øydelagt eller mista.

Før du får utlevert lærebøkene om hausten, må du (og eventuelt ein føresett dersom du er under 18 år) ha skrive under samtykkeskjemaet (pdf, 432,36 kB) der du mellom anna seier deg einig i erstatningsansvar for bøkene du får låne.

Under utleveringa av lærebøkene vert bøkene som du låner registrert på deg. Det er dei eksemplara som er registrert på deg som du er ansvarleg for.

Du må ta godt vare på bøkene du får låne - legge bokbre på dei og skrive namn, klasse og skuleår i boka (helst med blyant). Det siste er for å gjere det enklare for deg å sjekke at det faktisk er di bok du tar med deg. Me kan uansett sjekke om det er di bok eller ei.

Du får låne eitt eksemplar av kvar bok som du treng. Dersom ei bok vert mista/øydelagt i løpet av skuleåret, må du enten kjøpe deg ei ny bok sjølv, eller eventuelt erstatte boka før du får utlevert ei ny.

Bøker som manglar/er øydelagde på slutten av skuleåret må erstattast.

Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson