Skuleskyss

Fylkeskommunen sørger for dagleg skyss mellom bustad og opplæringsstad for elevar som har rett til skyss.

Det gjeld:

  • elevar som bur i område med dårleg rutetilbod. Desse områda er vist på eige kart frå fylkeskommunen. Skyssretten gjeld for elevar som har minst 6 km reiseavstand ein veg mellom bustad og opplæringsstad rekna etter kortaste gangavstand eller som må nytta båt
  • elevar som bur innanfor nærare definerte område i fylket, har ikkje rett til fri skuleskyss, men vert vist til ordninga med Ungdomskort
    Ungdomskort gjeld for all ungdom mellom 15 t.o.m. 20 år, samt elevar i vidaregåande skule som er yngre enn 16 år.
  • funksjonshemma elevar har rett på fri skyss uavhengig av reiseavstand og bustad i fylket
  • elevar som har fylt 21 år og over, og som har minst 6 km reiseavstand ein veg mellom bustad og opplæringsstad - eller må bruke båt, har rett til fri skyss

Du kan finne skuleskyssruter for Sauda på  Kolumbus sine skuleskyss-sider

Del denne artikkelen på: