Kantine

På hovudavdelinga og på avdeling Sand er det kantine der du kan kjøpe deg mat.

Sauda

Kantina på avdeling Lofthus i Sauda er moderne, lys og triveleg, og ligg midt i bygget. Den er open 08:30–13:00 måndag til fredag. Du kan kun betale med kort.

Monica driv kantina saman med sine gode og erfarne medhjelparar.

Kantina er ein hyggeleg møtestad for alle som nyttar skulen, og tilbyr eit rikhaldig utvalg av varer. Du får god og næringsrik mat som hjelper deg til å yte betre i timane, noko som kan ha ei positiv effekt på karakterane dine.

Av og til vert det servert varme smårettar. Det er oppslag i kantina over kva som vert servert kvar veke.

Ellers er det eit stort utvalg av påsmurt, lyst og fint med kyllingfilet og bacon, ost og skinke, pizzafyll eller tacokjøt. Av salatar har du krema kylling-pastasalatar, vanlige pastasalatar og grøne salatar. I tillegg kan du få deg frukt og is.

Det er eit stort utvalg av Tine-produkt.

Når det gjeld drikke kan du mellom anna få ein nylaga smoothie eller ein ferskpressa juice laga av dine favorittfrukter. Kantina har og kaldt mineralvatn i mange sukkerfrie variantar.

Har du bruk for ein ryddig og fin stad å halde kollokviegrupper eller andre mindre samlingar, så er kantina alltid tilgjengeleg for det. Les deg opp saman med dine medelevar over ein kopp kaffe eller varm kakao.

Treng du mat utover det som vert tilbydd? Ta kontakt på telefon 99 16 14 51 for bestilling til møter, samlingar og liknande.

Kantina held stengt i skuleferiar og andre dagar når elevane ikkje er på skulen.

Sand

På avdeling Sand finn du kantina innanfor døra nærast idrettsbanen. Denne er open alle dagar i perioden 08:40–13:00. Du kan kun betale med kort.

Kvar dag kan du få kjøpt ferske ostebriks, nysteikte ciabatta og grove rundstykke. Kjem du innom på ein måndag eller torsdag er rundstykka nysteikte.

To eller tre dagar i veka kan du få kjøpt bacon, eggerøre og karbonader. Varm mat eller pastasalat vert seld ein dag i veka.

Del denne artikkelen på: