Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

PP-tenesta gir råd og rettleiing om problem av både personleg, sosial og fagleg karakter.

Alle som har tilknyting til vidaregåande opplæring – elevar, lærlingar, lærekandidatar, foreldre, lærarar, faglege leiarar – kan ta kontakt med PP-tenesta og søke hjelp der.

Rådgivarane i PP-tenesta har teieplikt, det som vert sagt vert ikkje sagt vidare utan at det er gitt løyve til det.

PP-tenesta står vanlegvis for den sakkunnige vurderinga dersom du har rett til spesialundervisning, har behov for spesiell tilrettelegging av opplæringa eller tilrettelegging av prøvar og eksamenar. Til vanleg kan rådgivarane ved skulen hjelpe deg til å komme i kontakt med PPT, men ein kan og ta direkte kontakt.

Del denne artikkelen på:

Kontortid
Tysdagar i partalsveker: 09:00–15:30

Kontaktperson