Oppfølgingstenesta (OT)

OT ønsker kontakt med ungdom under 21 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har søkt, som takkar nei til, eller som avbryt opplæringa.

OT kan tilby deg

  • rettleiing i spørsmål om vidaregåande opplæring, utdanning og yrke
  • rettleiing om alternativ opplæring
  • hjelp til innsøk for kommande skuleår
  • hjelp til kontakt (og samarbeid) med andre aktuelle instansar ved behov

OT samarbeider med dei vidaregåande skulane, fagopplæringa, PPT, kommunar, NAV og andre instansar som og har ansvar for ungdom.

Tilbud frå OT skal først og fremst gi formell kompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

OT prøver få kontakt med deg, men du er og når som helst velkommen til å ta kontakt sjølv. Meir informasjon om tenesta finn du på http://www.oppfolgingstjenesten-rogaland.no/

Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson