Sosialpedagogisk rådgiving (SOS)

Har du problem med at du mistrives, er skuletrøytt, har personlege problem, er bekymra for ein ven/veninne eller at du slit tungt med eitt eller fleire fag, kan du ta kontakt med skulens sosialrådgivar.

Sosialpedagogisk rådgivar skal hjelpe deg med å finne deg til rette i vidaregåande opplæring. Det gjeld dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa di og dei sosiale forholda dine på skulen.

Rådgivaren kan mellom anna hjelpe deg med å:

  • klarlegge problema og omfanget av dei
  • kartlegge kva skulen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar
  • finne og formidle kontakt med dei rette hjelpeinstansane

Sosialpedagogisk rådgivingsteneste samarbeider mellom anna med kontaktlærar/faglærar, pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, skulehelsetenesta og barnevernstenesta.

Skulen vil at alle skal ha det bra og skal legge til rette for at alle skal ha godt utbytte av læringa. Dersom tankane kretsar rundt ting som er vanskeleg, er du ikkje så mottakeleg for læring. Skulen har stort fokus på psykisk helse blant elevane. Livet går i berg- og dalbane og i periodar kan det vere vanskeleg å konsentrera seg om skulearbeidet. I samtale med sosialrådgivar vil me prøve å finne ei løysing som både du og skulen kan leve med.

Dersom du slit med lærevanskar, kan du ha krav på tilrettelegging. Det er mogleg å søke om ekstra hjelp i enkelte fag og å søke tilrettelegging ved prøvar og eksamen. For å få dette, må du ha dokumentert at du har vanskar. Dokumentasjon kan vere legeerklæring og rapportar frå PPT. Du kan og søke om utvida tid på prøvar og eksamen dersom du har allergi. Skulen krev og då legeerklæring.

Du kan sjølv ta kontakt med sosialrådgivar, eller læraren kan henvise deg. Du må gjerne ta med ein ven eller ei veninne til samtalen dersom du synest det er tryggare.

Portrettbilete av sosialrådgivar Lena Sjursen Haugland

Sosialrådgivar Lena Sjursen Haugland

Portrettbilete av sosialrådgivar Solveig Gro Larsen

Sosialrådgivar Solveig Gro Larsen

Del denne artikkelen på:

Kontortid:
Måndag: 10:00–15:30
Tysdag: 09:00–10:00 og 12:00-15:30
Torsdag: 10:00–15:30 på avd. Sand

Kontaktinformasjon:

Sauda: 51 92 28 12
Mobil: 480 88 163

lena.haugland@skole.rogfk.no

Nyttige lenker relatert til sosialpedagogisk rådgiving.

Lenker
Kontaktperson