Yrkes- og utdanningsrådgiving (YoU)

Retten til yrkes- og utdanningsveiledning inneber at elevane skal kunne få nyttig informasjon, rettleiing og hjelp til å kunne velje framtidig yrke og utdanning.

Rådgivinga kan vere både individuell og i gruppe, alt etter behov. Yrkes- og utdanningsrådgivinga har som mål å bevisstgjere og støtte elevane i val av yrke, samt å utvikle kvar enkelt elev sin kompetanse til å planlegge utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv

Retten til yrkes- og utdanningsrådgiving er mellom anna knytt til;

  • rådgiving og rettleiing i samband med val av utdanning og yrke
  • oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land
  • oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • opplæring i å orientere seg i informasjon og bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar

Yrkes- og utdanningsrådgivinga går føre seg i eit samarbeid mellom ulike personar (kontaktlærarar, faglærarar) og instansar på skulen, samt med eksterne aktørar som mellom anna ungdomsskular, skular på høgare utdanningsnivå og næringsliv.

Del denne artikkelen på:

Kontortid
Måndag: 09:05–11.30 og 13:40–15:30
Tysdag: 09:05–11.30 og 12:50–15:30
Torsdag: 09:05–11.30 og 12:00–15:30
Fredag: 08:00–11.30 og 12:00–13:35

Telefon: 51 92 28 22

Fylkeskommunen har utarbeidd ein brosjyre med informasjon om korleis du får læreplass. Brosjyra finn du her.

Nyttige lenker relatert til yrkes- og utdanningsrådgiving

Lenker
Kontaktperson