Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta ønsker å bidra til god fysisk og psykisk helse, førebygge sjukdom og skade, samt fremma gode sosiale og miljømessige forhold.

For at du som elev skal få hjelpa du treng, samarbeider helsesøster med skulen og eventuelt andre instansar ved behov. Dette skjer sjølvsagt i samarbeid med deg.
Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod. Du kan sjølv ta kontakt med helsesøster når du ønsker det, enten på kontoret, via mail/postkassen eller telefon. Tilbodet er gratis, og helsesøster har teieplikt. Du kan få råd/veiledning om prevensjon, graviditet, kjønnssjukdommar, rusmiddel, røyking, stress, kosthald og andre ting du lurer på. Personlege problem eller uro knytt til heim, skule og vener kan du og snakke om.

Fung. helsesøster Torunn T. Djuvik

Fung. helsesøster Torunn T. Djuvik

Del denne artikkelen på:

Kontortid
Måndag: kl. 14:00–16:00 (helsestasjon for unge v/helsesenteret i Åbødalsveien 79)
Onsdag: kl. 08:30–13:30 (kontortid på hovudskulen på Lofthus) 

Kontaktinformasjon
Mobiltelefon: 99100266

torunn.djuvik@
sauda.kommune.no