Friminutt

Du treng ikkje sitte inne i klasserommet i friminutta. Det er forskjellige ting å ta seg til rundt om på avdelingane.

Tider

Det er litt forskjell på når du har friminutt etter kva klasse du går i og kva avdeling du er på. Dei fleste friminutt er 5–10 minutt lange, utanom matpausen som er på 30 minutt (11:30–12:00).

Avdeling Lofthus

På avdelinga på Lofthus er det sittegrupper, bord og stolar på forskjellige stader i bygget. Særleg er det å finne ved kantina, samt i og utanfor biblioteket.

Det står eit par piano rundt om i gangane. Det er helst det som står i kantineområdet som er aktuelt å spele på.

I kjellaren er den tidlegare garderoben gjort om til eit elevrom. Der finn du to bordtennisbord, eitt bordfotballbord, eitt airhockeybord og eitt biljardbord. For å få utstyr til å spele biljard må du kvittere det ut frå resepsjonen.

I same rommet er det og sofaar, stolar og fjernsyn.

På sørsida av bygget finn du eit amfi, benker, ein trampoline, ein sandvolleybane og ein fotball/basketbane. Nedanfor amfiet er det og ei basketkorg.

På nordsida av bygget er det ein sandvolleybane.

Avdeling Birkeland

På avdeling Birkeland står det stolar og bord i pauseområdet.

Avdeling Sand

På avdeling Sand finn du eitt piano, og to bordtennisbord. Pianoet står ved kjemirommet. Eit av bordtennisborda står ved biblioteket, det andre står ved kantina. Det er og bord, stolar og sofaar rundt om i bygget. Utanfor er det sett ut benkar.

Del denne artikkelen på: