Open kveld

I perioden mellom haust- og vinterferien er skulen open for elevar på onsdagskveldar.

Det er ope i musikkrommet, i spelerommet i kjellaren og i verkstaden. I tillegg vert det seld pizza i kantina.

Sjekk facebooksida til skulen for oppslag om tider, eller ta kontakt med ein av kontaktpersonane.

Mekking

Noverande og tidlegare elevar kan komme på skulen for å mekke på det dei måtte ønske. Ta med deg det du vil mekke på, anten det er bil, traktor, moped eller anna. Det er og moglegheit for å utføre sveising.

Dette er eit uformelt tilbod, men det er alltid ein lærar til stades. Snittbesøket har vore på ca. 25 elevar, målet er at tilbodet skal verte nytta av både hybelelevar og fastbuande.

Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson