Programfag i musikk

Som elev på Sauda vidaregåande kan du velje musikk som programfag.

Dette vel du allereie på VG1 og du følger faget i minst to år. Går du ambulanse eller transport kan du dessverre ikkje ta faget, då du kun er eitt år på skulen.

Poenget med programfaget musikk er å gi deg moglegheit til å utvikle dine talent innan musikk, først og fremst på eit sjølvvald instrument (f.eks. song, gitar, piano osb.)

Det er øvingar med moderne utstyr i skulens musikkrom, der du får kyndig veiledning.

Gjennom året gjennomfører du fleire minikonsertar på skulen, og musikkåret vert avslutta med ein større konsert under Saudadagane.

Frå og med skuleåret 2014/15 vert musikktilbodet som følger:

  • Elevane vert tilbydd faget Musikk over 2 år, VG1 og VG2
  • Elevane vil få halvårsvurdering etter det første året og fortset med faget på vg2. Ved fullført vg2 vil elevane få godkjent programfaget Musikk (5 timars programfag)

Standpunktkarakter i Musikk vert sett sommaren du avsluttar VG2, ein eventuell eksamen vert og avholdt siste semester VG2. Du må ha hatt faget i minst to år (VG1 og VG2) for å få utteljing på vitnemålet.

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson