Trivsel og rettar

Som elev i vidaregåande skule har du rett på eit godt skulemiljø. Skulen har handlingsplanar for psykisk helse og mot mobbing.

Dine rettar er beskrive i paragraf 9a i opplæringslova. I tillegg har UDIR laga eit rundskriv der dei utdjupar kva lova fører til.

Hugs at elevrådet arbeider for å ivareta dine interesser på skulen. Du kan snakke med desse for å ta opp generelle forhold.

Dersom du ikkje har det godt på skulen, er det viktig at du tek kontakt for å få utbetra problemet. I første omgang kan du snakke med din fag-/kontaktlærar. Om du ikkje ønsker å ta det opp med dei, kan du og snakke direkte med den aktuelle rådgivaren, PPT eller skulehelsetenesta. Ved meir alvorlege saker vil det vere aktuelt å og involvere avdelingsleiar eller rektor, men du bør snakke med rådgivar først.

Del denne artikkelen på:

Elevrådet arbeider for å ivareta elevane sine interesser på skulen.

Elevundersøkinga er ei trivselsundersøking som vert gjennomført kvart år.

Lenker