Historisk bronse i Ungdoms-OL

Historisk bronse i Ungdoms-OL

ToppVolley-jentene Frida Berntsen og Emilie Olimstad vann i går 2-1 over USA og sikra seg derved bronsemedalje i sandvolleyball i ungdoms-OL i Buenos Aires Argentina.

Dei kvalifiserte seg inn som det fjerde laget frå Europa sist sommar og var rangert som nr. 14 i OL-turneringa.

Dei 17 år gamle jentene er elevar ved Sauda vidaregåande skule og har i dei siste 4 åra vore del av eit spissa jenteprosjekt leia av ToppVolley Norge. 

Bronsemedalja er historisk som den første internasjonale medalja vunne av jenter ved ToppVolley Norge. Prestasjonen er svært sterk fordi rangeringa medførte tøff motstand frå betre rangerte lag på vegen fram.

Gratulerer!

Bilde2
Del denne artikkelen på: