• Forside
  • Kva skjer
  • Inntak til yrkes- og studiekompetanse (YSK) ved Sauda vidaregåande skule

Inntak til yrkes- og studiekompetanse (YSK) ved Sauda vidaregåande skule

Me er glade for å kunne melde om totalt 15 søkarar som vil kunne opne for full YSK-klasse frå hausten 2019. Sauda vidaregåande skule er einaste skule i Rogaland som tilbyr YSK, og me merkar aukande interesse frå ungdommar som vil investere stor innsats i si vidaregåande opplæring for å ende ut med både fagbrev og spesiell studiekompetanse med realfagsfordjuping.

Fordi realfagsfordjupinga krev sitt åleine, og endå meir i kombinasjon med parallell opplæring i yrkesfag, er det erfart ved andre skular at inngangsnivået må vere rett for at elevane skal få utbytte av undervisinga og klare å gjennomføre opplæringsløpet.

Karakterkravet er derfor minimum 4 i matematikk og naturfag som standpunkt frå ungdomsskulen.

Om nødvendig må du framover legge ned ekstra innsats for å møte dette kravet.

Skulekravet er sidestilt med krav om læreplass fordi ein stor del av yrkesopplæringa skal gå føre seg ute i bedrift. Dei to første åra er det yrkesfagopplæring både på skule og i bedrift. Med ordinær lærekontrakt dei to siste åra, vil all yrkesopplæring gå føre seg ute i bedrift.

Tilsegn om læreplass er det andre kravet som må vere oppfylt for inntak til YSK

Sauda vidaregåande skule tilbyr industriteknologi og kjemiprosess på VG2. Gå til www.vilbli.no, vel «Teknikk og industriell produksjon» og deretter «Yrker og kompetanser». Klikk på «Industriteknologi og kjemiprosess» for oversikt over aktuelle fagbrev. Diskuter med foreldre/føresette, besøk bedrifter og ta gjerne kontakt med oss om val av fagområde og ønska fagbrev.

Meld ønske om fagområde og fagbrev til oss v/kontaktperson YSK innan 20. mars

Sauda vidaregåande skule samarbeider med opplæringskontor for å skaffe læreplass nær heimplassen til YSK-elevane. I nær framtid vil du saman med foreldre/føresette verte kalla inn til møte med aktuelt opplæringskontor for endeleg kartlegging av ønske om fagområde for yrkesopplæringa. Opplæringskontoret vil formidle ditt ønske til aktuelle bedrifter, og du vil verte kalla inn til intervju om tildeling av praksisplass/læreplass.

All skuleundervising, yrkesfag og studiespesialisering, vil gå føre seg ved Sauda vidaregåande skule i ei veksling veke for veke med opplæring i bedrift. Det fordrar pendling til Sauda for dei som ikkje er heimehøyrande der. Ved elevbustaden skulen driv, får du hybel til kr 3700,- per månad, understøtta av bortebuarstipend på kr. 4300,- per månad. Søkarar til YSK vert prioritert ved tildeling av hyblar ved elevbustaden.             

Kom gjerne på besøk for å sjå internatet og skulen.

Søk om hybel på Sauda Campus seinast innan 20. mars. Nytt deg av søknadsskjemaet for 2019/2020. Søknaden medfører ikkje depositum eller nokon kostnad om du seinare skulle ombestemme deg. Det står alltid ein ny i kø.

Del denne artikkelen på: