Nytt lærebokreglement

Frå og med 1. august 2018 gjeld det nytt reglement for utlån av lærebøker ved Sauda vidaregåande skule.

Det nye reglementet er felles for alle skulane i fylkeskommunen. Du finn ei lenke til det i høgre marg.

Dei viktigaste endringane i det nye reglementet er at elevar må godkjenne det når dei opprettar ein brukar i fylket sine system, og at siste frist for innlevering av lærebøker er siste offisielle skuledag.

Elevar som byrjar i VG2/VG3 skuleåret 2018/2019 og i VG3 skuleåret 2019/2020 må fylle ut samtykkeskjemaet før dei får låne lærebøker.

Del denne artikkelen på: