Prosjekt med VIP-makkerskap

Skulen deltek i år i eit prosjekt kalla VIP-makkerskap, «Veiledning og Informasjon om Psykisk helse i skolen». Det handlar om tydeleg klasseleiing, men skal og vere eit tiltak for å auke eleven sin sosiale kompetanse, trygge overgangen frå ungdomsskulen til vgs, skape eit tettare og tryggare arbeidsmiljø og skape gode arbeidsrelasjonar som kan auke læringstrykket.

VIP-makkerskap er ikkje påtvunge vennskap. I arbeidslivet vil ein måtte tilpasse seg å jobbe med både menneske ein liker veldig godt og mennesker som ein ikkje kjem så godt overeins med. VIP-makkerskap er ei trening i kollegialt fellesskap der ein vert trena på å jobbe saman om felles oppgåver med felles mål. Elevane får ikkje lov å byte makker. Opplegget går over 3 x 3 veker, der dei får ny makker kvar 3. veke. Meir om VIP-makkerskap kan de lese i vedlagte informasjonskriv.

VIP-makkerskap vert gjennomført i alle vg1- og alle nye vg2-klassar. I tillegg kan lærar velge å gjennomføre det i andre klassar dersom ein treng å jobbe med klassemiljøet. Me håpar at de som foreldre/føresette støttar opp om dette på heimebane ved å spørje ungdommen dykkar om kven som er makkeren og korleis det fungerer.

Har de spørsmål til VIP-makkerskap, kan de kontakte sosialrådgivar Lena Haugland på epost: lena.haugland@skole.rogfk.no

Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson