Yrkes- og studiekompetanse (YSK) frå hausten 2018

Frå og med hausten 2018 kan elevar velje yrkes- og studiekompetanse (YSK) når dei søker seg til Sauda vgs. Det er ei fireårig studieretning som fører fram til både spesiell studiekompetanse og fagbrev.

Under opplæringa vekslar elevane mellom arbeid i bedrift kombinert og vanleg skulegang. Elevane får:

  • teoretisk opplæring i skule kombinert med praktisk opplæring i bedrift
  • både fagbrev og realfagskompetanse med fordjuping i matematikk og fysikk
  • løn under opplæringa

YSK er såleis eit unikt vidaregåande skuletilbod. Etter fire år er elevane tilført dobbel kvalifikasjon. I tillegg har dei lært mykje om arbeidslivet sine krav, reglar og rutinar. Som lærlingar følger YSK-elevane gjeldande ferieordningar og ikkje skuleferiane. Bedriftene har fått lære opp og bli kjende med ungdommar dei vil satse vidare på i framtida.

Bedriftene stiller med eigen instruktør som følger elevane. I tillegg vil skulen følge opp ved YSK-koordinator. Jamnlege møte mellom skule og bedrifter har som fremste føremål å sikre god kvalitet i opplæringa.

Opptak

Innsøking vil skje via Vigo. Søkarane må ha YSK som første ønske ved søknad til vidaregåande opplæring.

Viktige kriterium:

  1. Karakterar frå ungdomsskule
  2. Fråvær og ordenskarakterar

Kvalifiserte søkarar vil få tilbod om intervju med bedrift for avtale om læreplass.

Dette fireårige opplæringsløpet passar for elevar som er flinke i realfag, motiverte for skulearbeid og som har ein klar plan for eiga yrkeskarriere. Elevane møter høge forventingar både frå skule og bedrift.

Organisering av opplæringa

1. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
2. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
3. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
4. år 2 dagar på skulen 3 dagar i bedrift

Med eit YSK-vitnemål i lomma er vegen open til

  • høgare utdanning innan tekniske fag (ingeniør, sivilingeniør)
  • anna høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • jobb som fagarbeidar etter bestått fagprøve/svenneprøve

Følg med! Meir informasjon vil komme etter kvart.

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson