Yrkes- og studiekompetanse lagt til Sauda VGS

Utprøving av Yrkes- og studiekompetanse som opplæringsløp i Rogaland er lagt til Sauda vidaregåande skule. Organisering og tilrettelegging skjer i nært samarbeid med Knarvik VGS i Hordaland som har hatt TAF/YSK sidan 1992.

Ein avgjerande føresetnad for etablering av tilbodet har vore sterke signal frå næringslivet ved Eramet Norway Sauda og Norsk Stein som ser dette som rett kvalifisering av ungdom for å møte framtidig konkurransesituasjon.

Yrkes- og studiekompetanse er eit tilbod til alle tiandeklassingar i Rogaland. Sauda vidaregåande skule arbeider derfor med å knyte fleire bedrifter til samarbeidet om dette opplæringsløpet både i sør- og nordfylket.

Siktemålet er at elevar skal få læreplass nær heimstaden og kunne pendle til undervising i Sauda. Her kan dei bu ved elevbustaden med tilsyn og oppfølging frå tilsette ved skulen til kr. 3500,- per månad.

Sauda vidaregåande skule vil tilsette ein eigen YSK-koordinator som skal samordne opplæringa i skule og bedrift og kontinuerleg reise rundt for å følge opp elevane ved læreplassane.

Me ser gjerne at interesserte ungdommar og foreldre tar kontakt for meir informasjon om skuletilbodet, men og for å få direkte innblikk i kva som er i vente ved besøk hos aktuelle lærebedrifter.

Del denne artikkelen på:

For å søke yrkes- og studiekompetanse ved Sauda VGS, må du følge rettleiinga her.

Frå og med hausten 2018 kan elevar velje yrkes- og studiekompetanse (YSK) når dei søker seg til Sauda vgs. Det er ei fireårig studieretning som fører fram til både spesiell studiekompetanse og fagbrev.

Vedlegg
Kontaktperson