Endringar på byggfag i 17/18

Frå skuleåret 2017/2018 vert det gjort endringar i korleis undervisninga på byggfag vert organisert. Deler av undervisninga vil skje i Sauda, medan andre deler vil føregå på Sand.

Elevane ved byggfag vert frå skuleåret 2017/2018 knytta saman med yrkesfagavdelinga på Lofthus i Sauda.

Det medfører at undervisning i fellesfag, samt nokre programfag, vil føregå der. Resten av programfaga føregår på avdelinga på Sand, som har lokale og utstyr til det.

Del denne artikkelen på: