Likar du å arbeide med hendene, kan VG1 bygg- og anleggsteknikk vere noko for deg.
Dette utdanningsprogrammet gir deg høve til å arbeide på fleire område innan byggfag, til dømes tre, mur, forskaling, maling, og betong.
Vel du VG1 bygg- og anleggsteknikk, vil skuleåret ditt verte både variert og praktisk retta.
Foto: Fotograf Nordtveit
Frå skuleåret 2017/2018 vert det gjort endringar i korleis undervisninga på byggfag vert organisert. Deler av undervisninga vil skje i Sauda, medan andre deler vil føregå på Sand.
Som byggfagelev får du tilbod om å bu på internatet like ved avdelinga på Sand. Du kan og søke om å få bu på elevbustaden i Sauda.