VG2 Byggteknikk

Vil du læra å bygge hus, er du velkommen til å søke dette utdanningsprogrammet.

Tilbodet inngår i nært samarbeid med næringslivet der du vil få det meste av den praktiske opplæringa ute i bedrifter. Skulen har teikna intensjonsavtale med fleire firma i Sauda og Suldal. Dersom du viser interesse for arbeidet, vil du ha gode sjansar for læreplass og arbeid seinare.

Praksis

Du vil oppleve realistiske arbeidsoppdrag med utplassering i bedrifter nær heimstaden din. Med kraftutbygging i Sauda-fjella, er det aukande behov for faglært arbeidskraft innan bygg- og anlegg.

Studieturar

Studieturar til stader som er relevante i høve til læreplanane, er av dei prioriterte områda for skulen. Dette er likevel avhengig av elevengasjement og vilje til å arbeide for å finansiere reisa.

Byggfagelevar i diverse situasjonar. Foto: Fotograf Nordtveit

Foto: Fotograf Nordtveit

Del denne artikkelen på:

Frå skuleåret 2017/2018 vert det gjort endringar i korleis undervisninga på byggfag vert organisert. Deler av undervisninga vil skje i Sauda, medan andre deler vil føregå på Sand.

Som byggfagelev får du tilbod om å bu på internatet like ved avdelinga på Sand. Du kan og søke om å få bu på elevbustaden i Sauda.

Lenker