VG1 Elektrofag

Du som vel elektrofag, må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du må vere serviceorientert.

Logisk tenkemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn.

Utdanningsprogrammet fører fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Det vert stilt strenge krav til kvalitet, sikkerheit og dokumentasjon. Etter VG1 elektrofag har du og moglegheit til ei rekke såkalla kryssløp til VG2-kurs på andre programområde.

Stikkord som kjenneteiknar opplæringa i Sauda:

  • Tilpassa opplæring
  • All opplæring føregår i eit kombinert teori- og praksislokale
  • Godt og moderne utstyr og modellar
  • Elevane frå Sauda vidaregåande skule har lett for å få lærlingeplass
To elevar som arbeider
Ein elev som jobbar med eit sikringsskap
Del denne artikkelen på:

Skulen har partnarskapsavtalar med lokalt næringsliv.

Sauda vidaregåande skule har bygd ein fagprøvestasjon kor det er meininga å arrangera fagprøvar.

Lenker