VG2 Elenergi

Etter å ha gått VG2 elenergi kan du mellom anna ta fagbrev som elektrikar, elektromotor- og transformatorrepatatør, elektroreparatør, energimontør, energireparatør, heismontør, signalmontør eller togelektrikar.

Med fagbrev som elektrikar er du vanlegvis tilsett hjå ein elektroinstallatør eller i ei industribedrift. Med fagbrev som energioperatør arbeider ein vanlegvis innanfor den sektoren som sikrar energitilførsel til både industri samt privat og offentleg sektor.

Sentrale arbeidsområde for elektrikaren er:

  • installasjonar i bustader og andre bygningar
  • installasjonar industri, landbuk, skip
  • arbeid på olje- og gassinstallasjonar
  • arbeid med alarm- og sikkerheitsanlegg

Som elektrikar må du ha godt fargesyn for å kunne bruke relevante kodar og merkesystem. Arbeidet er fysisk krevjande, og du må kunne arbeide i høgda. Du må ha teknisk innsikt, vere nøyaktig og ansvarsbevisst og kunne kommunisere med ulike typar menneske.

Lærlingane frå Sauda vidaregåande skule er svært ettertrakta i marknaden.

Testing med multimeter
Del denne artikkelen på:

Skulen har partnarskapsavtalar med lokalt næringsliv.

Sauda vidaregåande skule har bygd ein fagprøvestasjon kor det er meininga å arrangera fagprøvar.

Lenker