VG1 Helse- og oppvekstfag

Vel du studieretning for helse- og oppvekstfag, kan du få forskjellige jobbar innan helse-, sosial- og oppvekstsektoren: i heimebaserte tenester eller på sjukehus, i barnehage eller fritidsheim, på tannlegekontor, legekontor eller apotek.

Det er viktig at du bryr deg om og tek hensyn til andre menneske, for i denne utdanninga lærer du å gi omsorg og støtte til menneske som treng hjelp. I tillegg vil du få grunnleggande teoretiske kunnskaper om kroppens oppbygging og funksjonar, sosialfag, førebyggande helsearbeid, kostlære, hygiene og førstehjelp.

Alle løpa i denne studieretninga gir yrkeskompetanse. Helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, ortopediteknikarar og ambulansearbeidarar har avsluttande opplæring i ei bedrift, som fører fram til fagbrev. Dei andre faga vert gjennomført i skule, men ofte med relativt lange praksisperiodar.

Det som er spesielt ved å gå på ein så liten skule, er at du får tett oppfølging av kontaktlæraren din. Han/ho er kontaktpersonen mellom deg og skulen. Det vert lagt opp til fleire elevsamtalar gjennom året.

I løpet av dette året skal du velja ditt framtidige yrke. Det kan vere vanskeleg, fordi mange ikkje har inngåande kjennskap til helsefagarbeidaren sitt arbeidsområde. For å bøte på dette, legg me opp til utplassering i praksis gjennom faget prosjekt til fordypning ein dag i veka store deler av året.

Gjennom heile året vert ein del av timane i programfaga nytta til tverrfaglege differensierte oppgåver. Her tar du sjølv ansvaret for å tileigna deg deler av lærestoffet, og vel sjølv i kor stor grad du ønsker å fordjupa deg i oppgåvene. Dette er trening med tanke på den avsluttande årsprøva, der du får høve til å vise kva du kan, både skriftleg og munnleg.

Eitt av mange tema me er innom i løpet av skuleåret, er småbarnsutvikling og foreldreansvar. I samband med det har me simulatorbabyane (Real Care Baby) Rigmor og Richard. Desse er programmert etter aktivitetsmønstre til verkelege babyar; dei gret, vil ha rein bleie, osb. Ein av desse «babyane» får du ta med deg heim, og får ansvaret for i eit eller fleire døgn.

Høyres dette spennande ut? Då er du velkommen til oss!

Studietur

Studietur

Del denne artikkelen på: