VG2 Ambulansefag

Som ambulansearbeidar sørger du for transport og akutt/livreddande behandling av personar.

Om ambulanseyrket og utdanninga

Det er spennande og givande å vere ambulansearbeidar. Yrket er variert og ingen arbeidsdagar er like. Over halvparten av oppdraga er rolege oppdrag kor det ikkje hastar. Andre oppdrag er krevjande, og det kan stå om liv. Som ambulansearbeidar møter ein derfor pasientar i mange forskjellige situasjonar, og dette stiller store krav til ambulansearbeidaren.

Det krevst både kompetanse og bestemte personlege eigenskaper for å kunne løyse dei ulike arbeidsoppgåvene i yrket. Evna til å kunne samarbeide er sentral. Ein må kunne vere eit medmenneske, og ein må vere sterk fysisk og psykisk. Ambulanseyrket er et krevjande og spennande yrke der ein utviklar seg fagleg gjennom heile yrkeskarriera.

Utdanninga

  • Bestå vg1 helse– og oppvekstfag
  • Bestå vg2 ambulansefag
  • Bestå vg3 (læretid) ambulansefaget

Ambulanseutdanninga er eit yrkesfagleg utdanningsprogram som går over 4 år; to år på skule og to års læretid som lærling. I Rogaland er VG2 ambulansefag lagt til Sauda vidaregåande skule. VG2 ambulansefag er eit lærerikt år der sentrale emne er anatomi, fysiologi og akuttmedisin. Det er mykje teori, men og praktisk undervisning og praksisperiodar. Då ambulanseyrket krev fysisk styrke og uthaldenheit, fokuserer utdanninga spesielt på faget kroppsøving.

Sauda vidaregåande skule har ein klasse med 15 studieplasser på VG2 ambulansefag. Søkarar konkurrerer om plassane med utgangspunkt i karakterane frå VG1 helse– og oppvekstfag. Du finn meir informasjon om utdanninga på www.vilbli.no

Andre kvalifikasjonar og personlege eigenskaper

I tillegg til utdanning, legg arbeidsgivarar og vekt på følgande ved tilsetjing:

  • Fysisk styrke og uthaldenheit
  • God psykisk helse
  • Gode haldningar
  • Samarbeidsevne
  • Helsekrav til førarkort klasse D
  • Vandelsattest
  • Rusproblem (ikkje forenleg med yrket)
  • Norsk språk munnleg og skriftleg
  • Framandspråk
  • Førarkort klasse B (klasse C1)
  • Utrykningssertifikat

Sauda vidaregåande skule samarbeider med Stavanger Universitetssjukehus og Helse Fonna. I løpet av VG2 ambulansefag er det fleire periodar med arbeidspraksis i helseføretaka.

Helseføretaka tilbyr og eit antal læreplassar kvart år for elevar frå Sauda vgs dersom søkarane til læreplassen er kvalifiserte.

Du finn meir informasjon om helseføretaka på følgande nettadresser:

Elevar som øver på livredning
Elevar som øver livredning på ei dokke
Del denne artikkelen på: