VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du få arbeid i barnehagar, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar.

Barne- og ungdomsarbeidaren arbeider med barn og unge i alderen 0-19 år. Sentrale emne i utdanninga er:

  • planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge.
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet
  • bruk av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
  • kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulikt livssyn og ulik sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfliktløysing og det å vera ein tydeleg vaksenmodell

Sauda vidaregåande skule samarbeider nært med Brakamoen Barnehage SA i undervisninga. Alle elevane har praksis i barnehagen. Denne organiseringa gjer det mogleg å knytte teori og praksis saman på ein god måte.

Del denne artikkelen på: