VG2 Helsearbeidarfaget

Ein helsefagarbeidar jobbar med varierte arbeidsoppgåver innan praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid i helse- og sosialtenesta.

Denne nye utdanninga har tatt det beste frå dei to tidlegare utdanningane hjelpepleiar og omsorgsarbeidar, og byr på eit breiare arbeidsfelt.

Som helsefagarbeidar er du kvalifisert til mange spennande jobbar. Du kan jobba ved sjukehus, ved sjukeheim eller med psykisk helsearbeid. Du kan og få jobb i kommunen sine heimebaserte tenester, ved rehabiliteringsheim for rusmisbrukarar eller i andre institusjonar innan helse- og sosialsektoren.

Helsefagarbeidar er ein verna tittel, og etter fullført utdanning er du autorisert helsepersonell.

Mykje av arbeidet består av kontakt med menneske. Det er like mange skjebnar, og like mange personlegheiter som det er menneske; derfor er utfordringane mange og varierte arbeidsoppgåvene går over eit breitt spekter. Kvardagen kan bestå i alt frå å hjelpa til med påkledning og skifte på sår, via førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak til praktisk og omsorgsfull helsehjelp. Faget har mange fellestrekk med fag og yrke på høgskulenivå, spesielt sjukepleie og vernepleie.

Del denne artikkelen på: