Idrettsfag med villmarksliv

Vil du ha ein aktiv kvardag? Likar du å vere på tur? Likar du fjellsport? Har du lyst på flotte, sosiale turopplevingar saman med andre? Bli med Villmarkslinja på open dag laurdag 3. februar 2018.

Klikk her for påmelding til open dag.

Villmarkslinja i Sauda er eit tilbod innan idrettsfag. Faga friluftsliv, aktivitetslære og leiing vert i stor grad vinkla mot villmarksliv. Men det er også vanleg idrettsundervisning i Saudahallen eller på skulen. Elevane har programfag og fellesfag i tråd med læreplanane for idrett. Elevane får generell studiekompetanse.

Korleis søke

Informasjon for å søke plass på villmarksliv for deg som er i Rogaland finn du her.

På villmarkslinja får du oppleve

  • ekspedisjon
  • kiting
  • brevandring
  • Klatring
  • kano
  • fiske
  • hundekøyring
  • toppturar
  • snøhuleturar
  • teltturar
  • Folgefonna
  • Jotunheimen
  • Rosendalsalpene
  • fjellregionen nord i Rogaland
  • mange tur- og overnattingsdøgn i løpet av skuleåret

På villmarkslinja får du

  • generell studiekompetanse
  • kombinere fritidsinteressa di med utdanning
  • brattkort (klatring)
  • kitekurs
  • brekurs
  • turleiarkurs
  • kanokurs
  • skredkurs
Skumring
Brevandring
Fisking
Hundekøyring
Kiting
Del denne artikkelen på:

Søknadsfrista for søkarar frå Rogaland er 1. mars.

Vedlegg