Historie

Historie 4PÅBA

Historie påbygg er eit 5-timars fag der du lærer korleis fortida, nåtida og framtida heng saman. Faget startar med eldre historie og framveksten av dei første sivilisasjonane og endar opp i nyare historie der Europa etter andre verdskrig står sentralt. Vidare er faget delt inn i Verds­historie og Norges­historie. Gjennom undervisninga vil du som elev få innsikt i mangfaldet av levetilhøve for menneske i fortida. Du vil lære om sentrale hendingar og utviklingslinjer i historia. Det er eit mål at du gjennom dette faget skal kunne forstå di eiga samtid betre og at du sjølv er ein del av ein historisk prosess.

«Skal vi forstå nåtida, må vi vite hvordan den er blitt til»

(Knut Kjeldstadli, norsk historikar)

Historie
Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson