Matematikk 2P-Y (Påbygg)

Skal du skaffe deg studiekompetanse? Kanskje du vel Påbygg? Då må du ha matematikk, som er eit 5-timars fag på Påbygg.

Fagplanen i matematikk på Påbygg er ei utviding av det du lærte i matematikk på Vg1 (1P-Y), då du tok fagbrev. Ein går i liten grad ut frå at du hugsar det som vart gjennomgått i 1P-Y, for det som kjem til eksamen i Påbygg, vert gjennomgått i løpet av Påbygg-året.

Emna som vert gjennomgått i Påbygg bygger derimot på den grunnleggande kompetansen i matematikk, altså det du har lært tidlegare på skulen. Sidan det ofte er nokre år sidan elevar i Påbygg arbeida med matematikk, så må det mest grunnleggande repeterast. Dette medfører at dei fleste opplever at matematikk på Påbygg tar lang tid, og at det er krevjande å komme inn i tankegangen.

Emna som skal gjennomgås på Påbygg er:

  • Algebra. Dette er reknereglene som gjeld for rekning med tal og symbol/bokstavar
  • Funksjonar. Korleis få fram grafiske framstillingar, og korleis skal desse tolkast?
  • Statistikk. Ulike måtar å gjere statistiske berekningar, og få resultata fram som grafiske framstillingar
  • Sannsyn. Korleis kan me få fram sjansen for at noko skal inntreffe? Kor mange prosent sannsyn er det for å få et gitt resultat?

Emna som etter fagplanen skal gås gjennom på Påbygg, vert gjennomgått i passeleg store betar i løpet av året. Det er ein del teori som skal lesast, eksempel som skal forstås og oppgåver som skal løysast. Kvar veke vert det gitt nokre sider teori som skal studerast og lærast, samt ein del eksempel som viser bruken av stoffet til å løyse oppgåver. Når teorien og eksempla er forstått, så skal kunnskapane testast på nokre oppgåver som vert lagt ut og skal sendas inn til faglærar for vurdering. Kvar veke vert det lagt ut ny teori som skal studerast, og oppgåver som skal løysast. Det vert arrangert prøvar i løpet av året som viser i kor stor grad du beherskar stoffet. I mai vert det ei større prøve, nokså lik eksamen.

Elevene kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen på fem timar.

Matematikk
Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson