Naturfag

Kunnskap og ny teknologi har utvida rommet for inngrep både i menneskelivet og i naturen. Men bruken gir ofte omskiftingar i fleire ledd, som ein ikkje har oversyn over, og som vert spreidde i større ringar enn tiltenkt.

Mennesket finn glede både ved å stille spørsmål og å finne svar, og det finn tryggleik i å vite og meistre. Utnyttinga av naturvitskapeleg innsikt har vorte eit førebilete på målretta bruk av kompetanse og ei drivkraft til å vinne ny erkjenning. For ein liten film om naturfag på Sauda Vidaregåande skule, klikk  her.

For naturfag brukar me for det meste NDLA.no som digital lærebok: her finn du mellom anna undervisningsopplegg, forsøk, animasjonar, læreplanar, nyheiter, metodiske artiklar, nettstadomtalar og informasjon om utstyr og sikkerheita ved laboratoriearbeid.

Kommunikasjonen (oppgåver, tilbakemeldingar, vurderingar osb.) skjer hovudsakleg ved hjelp av It's Learning, vårt digitale klasserom.

Naturfag
Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson