Norsk

Norsk på Påbygg er eit 10-timarskurs som dekker språk- og litteraturhistorie frå middelalderen fram til i dag. Kurset er bygd opp av Sindre Nordengen og Evy Nodland, og består av tolv modular som til saman dekker alle fagets læringsmål.

Norskfaget vil normalt vere det mest krevjande faget når ein tar påbygging til generell studiekompetanse. Som student vert du vurdert med karakterar i norsk skriftleg hovudmål og sidemål (med mindre du har fritak frå vurdering i sidemål), samt norsk munnleg. Dei to store oppgåvene i faget – det skjønnlitterære programmet og fordjupningsoppgåva – er både spennande og krevjande å jobbe med som student. I løpet av året jobbar du i tillegg med fleire og varierte oppgåver innanfor det overordna temaet språk- og litteraturhistorie, samt med meir spesifikke oppgåver innanfor retorikken og temaet samansette tekstar.

Norsk på Påbygg kvalifiserer deg som student til generell studiekompetanse saman med dei andre faga i kurset.

Norsknett
Del denne artikkelen på:
Lenker
Kontaktperson