VG1 Studiespesialisering

I VG1 Studiespesialisering tek heile klassen same faga.

Fagtilbod

Fellesfaga er dei faga alle som går på utdanningsprogrammet må ta.

Fellesfag
Fag Timar/veke Merknad
Engelsk 5  
Geografi 2  
Kroppsøving 2  
Matematikk 5 T eller P
Naturfag 5  
Norsk 4  
Samfunnsfag 3  
Framandspråk 4 Tysk eller spansk

Matematikk

Det er to typar matematikk du kan velje mellom, T(eoretisk) og P(raktisk). Du vil få hjelp til å velje det faget som passar best for dine evner og framtidsplanar.

Framandspråk

Skulen tilbyr undervisning i framandspråka spansk og tysk. Du bør vere merksam på at det er reglar for kva fag du kan ta alt etter kva framandspråk du har hatt på ungdomsskulen.

Del denne artikkelen på: