VG2 Studiespesialisering

I VG2 Studiespesialisering kan du i tillegg til faga som alle må ta, velge programfag som passar til dine interesser og framtidsplanar.

Fagtilbod

Fellesfaga er dei faga alle som går på utdanningsprogrammet må ta.

Programfag kan du velje etter dine interesser og framtidsplanar. Du må vere merksam på at det er avgrensingar på kva val du kan ta når det gjeld programfag. Kva du vel i VG2 vil påverke kva du kan/må ta i VG3. Det kan og hende at høgare utdanning har visse programfag som opptakskrav.

Nokre programfag er nettfag. I desse faga har du ikkje tradisjonell klasseromsundervisning, men får undervisninga via nettet. Dette krev av du er strukturert og sjølv tek ansvar for å gå gjennom det du skal i faget. Du finn meir informasjon om desse faga på nettskulen sine heimesider.

Fellesfag
Fag Timar/veke Merknad
Historie 2  
Kroppsøving 2  
Matematikk 5 Du vel mellom T- eller P-matte eller tek Programfag i matte R1
Norsk 4  
Framandspråk 4 Tysk eller spansk

Matematikk

Du har tre forskjellige val når det gjeld matematikken. Du kan i første omgang velje mellom å ta eitt av fellesfaga (P- eller T-matte) eller å ta programfaget R1. Dersom du vel å ta eit av programfaga, må du ta det same faget i VG3. Dersom du tek eit av fellesfaga kan du likevel velje å ta eitt av programfaga R2 eller S2 i VG3.

Framandspråk

Skulen tilbyr undervisning i framandspråka spansk og tysk. Du bør vere merksam på at det er reglar for kva fag du kan ta alt etter kva framandspråk du har hatt på ungdomsskulen og i VG1.

Programfag
Fag Timar/veke Merknad
Biologi 1 5  
Fysikk 1 5  
Internasjonal Engelsk 5  
Kjemi 1 5  
Matematikk R1 5  
Psykologi 1 5  
Psykologi 2 5  
Sosiologi og sosialantropologi 5  
Markedsføring og ledelse   Nettfag
Reiseliv og språk   Nettfag
Rettslære   Nettfag
Psykologi   Nettfag
Geofag   Nettfag
Historie og filosofi   Nettfag
Del denne artikkelen på: