VG3 Studiespesialisering

I VG3 Studiespesialisering kan du i tillegg til faga som alle må ta, fortsetje med programfaga du hadde i VG2, eller velge nye.

Fagtilbod

Fellesfaga er dei faga alle som går på utdanningsprogrammet må ta.

Programfag kan du velje etter dine interesser og framtidsplanar. Du må vere merksam på at det er avgrensingar på kva val du kan ta når det gjeld programfag. Kva du valde i VG2 vil påverke kva du kan/må ta i VG3. Det kan og hende at høgare utdanning har visse programfag som opptakskrav.

Nokre programfag er nettfag. I desse faga har du ikkje tradisjonell klasseromsundervisning, men får undervisninga via nettet. Dette krev av du er strukturert og sjølv tek ansvar for å gå gjennom det du skal i faget. Du finn meir informasjon om desse faga på nettskulen sine heimesider.

Fellesfag
Fag Timar/veke Merknad
Historie 4  
Kroppsøving 2  
Norsk 6  I løpet av året skriv du eit særemne
Religion og etikk 3  
Framandspråk 5 Kun dei som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen

Framandspråk

Dersom du ikkje hadde språk på ungdomsskulen, må du ha 5 timar tysk i veka.

Særemne

Som ein del av norskundervisninga skal du i år skrive ei større oppgåve. Du kan finne ein del tips på ressurssida til biblioteket.

Programfag
Fag Timar/veke Merknad
Biologi 2 5  
Fysikk 2 5 Fortset Fysikk 1
Kjemi 2 5 Fortset Kjemi 1
Matematikk R2 5 Krev R1, 2T eller 2P
Matematikk S2 5 Krev S1, 2T eller 2P
Politikk og menneskerettigheter 5  
Psykologi 1 5  
Psykologi 2 5  
Samfunnsfagleg Engelsk 5  
Samfunnsøkonomi 2 5  
Markedsføring og ledelse   Nettfag
Reiseliv og språk   Nettfag
Rettslære   Nettfag
Psykologi   Nettfag
Geofag   Nettfag
Historie og filosofi   Nettfag
Del denne artikkelen på: