VG2 Kjemiprosess

Dette kan du kan du oppnå etter VG2 kjemiprosess: Fagbrev som fagoperatør i kjemisk prosessindustri og fagoperatør i metalliske prosessfag.

Aktuelle arbeidsstader: Med fagbrev i kjemisk prosessindustrien kan du få arbeid innan kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, farmasøytisk industri og produksjon av sildolje, olje og gass offshore.

Sentrale arbeidsområde er:

  • start, stopp, drift og overvaking av prosessanlegg og mekanisk utstyr
  • bruk av tekniske flytskjema
  • arbeide med ulike kjemikalium, høge og låge trykk og temperaturar og utstyr med store dimensjonar
  • utgreiing av kjemiske og fysiske reaksjonar i forhold til miljøforureining

Som fagoperatør må du kunne arbeide planmessig, nøyaktig og grundig, både sjølvstendig og saman med andre. Det vert stilt store krav til sosial kompetanse og kommunikasjonevner. På Sauda vidaregåande skule møter du motiverte lærarar, lyse lokale, godt utstyr og får gode yrkesretta læringsoppdrag. Skulen tar sikte på å gi Eramet godt kvalifiserte lærlingar.

Ein elev
Del denne artikkelen på:

Produksjon- og industriteknikk og kjemiprosess har utplassering i ei verksemd i 2 veker.

Lenker