VG2 Produksjon- og industriteknikk

Etter VG2 produksjon- og industriteknikk kan du oppnå både sveine- og fagbrev i ei heil rekke fag. Til dømes fagoperatør i produksjons­­teknikk, fin­mekanikar, industri­mekanikar, industri­rørleggar, plate­arbeidar og sveisar.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innanfor teknisk industri, skipsindustri, teknoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri, og til oljebransjen. Du som vel desse programområda bør ha praktisk sans, godt handlag og vera nøyaktig. Du bør både kunna arbeide sjølvstendig og saman med andre. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka, samt at det å arbeide med prosedyrar, teikningar, registreringar og dokumentasjon er svært viktig.

På Sauda vidaregåande skule møter du ein godt utstyrt skule med motiverte lærarar, lyse lokale og gode yrkesretta oppgåver. Skulen ønsker å gi verksemdene i regionen godt kvalifiserte lærlingar.

To elevar
Del denne artikkelen på:

Produksjon- og industriteknikk og kjemiprosess har utplassering i ei verksemd i 2 veker.