Grunnkompetanse organisert i gruppe med redusert elevtal

Dette er tilbodet er til deg som har behov for tilrettelegging utover det du kan få i ordinære klassar og som ønsker ei praktisk tilnærming til opplæringa. Opplæringa fører fram til grunnkompetanse/​kompetansebevis og kan kvalifisere til å søke opplæringskontrakt i bedrift.

Grunnkompetanse organisert i gruppe med redusert elevtal er eit tilbod til elevar som har eit ordinært arbeidsliv som mål på sikt, men som har eit anna oppfølgingsbehov enn det som det ein kan legge til rette for i eit ordinært løp.

Hovudmålet for opplæringa er at eleven vert kvalifisert for eit tilrettelagt arbeid i ordinær bedrift eller arbeidsmarknadsbedrift. På sikt kan eleven byggje vidare på sin grunnkompetanse og avleggje ordinær fagprøve for å få fagbrev som fagarbeidar.

Opplæringa vert organisert etter eleven sine behov. Den kan gå føre seg i mindre grupper, og i ordinære klassar med ekstra oppfølging. Tilbodet er praktisk retta, og målsettinga er at eleven skal bli mest mogleg klar for yrkeslivet. Skulen legg vekt på at eleven får prøve ut ulikt arbeid ut frå interesser og moglegheiter. Det praktiske arbeidet vert tilrettelagt i skulen sine lokale og ute i bedrift.

Opplæringa er forankra i læreplanens generelle del og fagplanen for utdanningsprogrammet som eleven er tatt inn på. Det kan og vere aktuelt å hente opplæringsmål frå andre læreplanar i Kunnskapsløftet. Sjå www.vilbli.no for meir informasjon. Der kan du og lese meir om grunnkompetanse og dokumentasjon.

Opplæring som har avvik frå ordinære læreplanar i fag, gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Eleven vil då få ei skriftleg vurdering. I fag der eleven følger ordinære læreplanmål, vil det verte gitt vurdering med karakter.

Isolering av vegg
Del denne artikkelen på: