VG2 Transport og logistikk

Ei bransje i vekst!

Opptakskrav til Vg2 Transport og logistikk

VG1 service og samferdsel eller VG1 teknikk og industriell produksjon.

Undervisninga omfattar

Bransjeteknikk: All obligatorisk opplæring for førarkort klasse B, truckførarbevis og ADR-kompetansebevis er inkludert i undervisninga. Du får opplæring i førstehjelp og slukking av mindre brannar. Transportlinja driv distribusjon av gods for ein lokal transportør. Distribusjonsarbeidet kan drivast som elevbedrift om du som elev ønsker det.

Prosjekt til fordjupning: Ein dag i veka vert du utplassert i ei relevant transport- og/eller logistikkbedrift. Utplasseringa gir deg eit nyttig innblikk i livet utanfor skulens veggar og gode erfaringar å ta med vidare både i skulearbeidet og seinare i arbeidslivet.

Fellesfag: Norsk, samfunnsfag, engelsk og kroppsøving er nyttige fag innan transport og logistikk. På Sauda vidaregåande skule lósar flinke lærarar deg gjennom fellesfaga.

Elevar frå heile Rogaland og Sunnhordland finn vegen til oss

Lokalisering: Avdeling Birkeland er lokalisert på Indre Birkeland tett ved fylkesveg 520, ca. 10 minutters køyring frå sentrum av Sauda.

Skulebygget: Teoriundervisninga går føre seg i nye, lyse lokal. Praktisk opplæring går føre seg innandørs i skulen sin verkstad eller utandørs i skulen sitt nærmiljø.

Fasilitetar: Avdelinga har gode garderobeforhold, felles kantine og gratis parkering på området.

Fritid i Sauda: Svandalen Skisenter, mekkekveldar på skulen, treningssenter og flott natur er noko av det Sauda kan by på. Se Fritid

Fem køyretøy på avdelinga

Nokre køyretøy

Kart over hovudrekrutteringsområda. CC-BY-SA-3.0 - bygger på Statens Kartverks N5000-illustrasjonskart

Kart over hovudrekrutteringsområda. CC-BY-SA-3.0 - bygger på Statens Kartverks N5000-illustrasjonskart

Eit klasserom på avdelinga

Klasserom

Pauseområdet

Pauseområdet

To bilar i verkstadhallen

Verkstadhallen

Avdeling Birkeland sett utanfrå

Avdelinga

Fjell
Del denne artikkelen på: