Yrkessjåfør

Har du lyst å køyre buss eller lastebil?

Opptakskrav lærlingar:

Opptakskrav for deg som er fylt 21 år ved kursstart:

Yrkessjåførar arbeider med mange ulike typar transport. Nokre fraktar gods, andre fraktar personar; nokre køyrer langt, andre har arbeidsdagen i nærområdet. Moglegheitene for variasjon er mange.

Trivst du i trafikken er kanskje yrkessjåfør rette valet for deg?

Sauda vidaregåande skule har kurs for lærlingar og 19 vekers kurs for vaksne elevar.

19-vekers kurset inneheld:

  • EU-direktivet
  • Praktisk og teoretisk undervisning i førakortklassane C, CE, D, DE
  • Truckførarbevis
  • ADR

All undervisning er gratis, køyretimane og. Du betaler kun prøvegebyr til Statens Vegvesen, samt bøkene du nyttar i teoriundervisninga.

Kurset startar i august og januar kvart år.

Søknadsskjema til 19 vekers kurs finn du  her (pdf, 100kB).

Kurset er godkjent for støtte i Statens lånekasse.

Landslinje – elevar frå heile landet er velkomne til å søke hjå oss!

Lokalisering: Avdeling Birkeland er lokalisert på Indre Birkeland tett ved fylkesveg 520, ca. 10 minutters køyring frå sentrum av Sauda.

Fasilitetar: Avdelinga har gode garderobeforhold, felles kantine og gratis parkering på området.

Praktisk opplæring går føre seg innandørs i skulen sin verkstad eller utandørs i skulen sitt nærmiljø. Teoriundervisning går føre seg i klasserom tilpassa formålet.

Fritid i Sauda: Svandalen Skisenter, mekkekveldar på skulen, treningssenter og flott natur er noko av det Sauda kan by på. Se Fritid

Scania
Pauseområdet

Pauseområdet

To bilar i verkstadhallen

Verkstadhallen

Avdeling Birkeland sett utanfrå

Avdelinga

Fjell
Del denne artikkelen på: