Søke YSK

For å søke yrkes- og studiekompetanse ved Sauda VGS, må du følje rettleiinga her.

Logg deg inn på Vigo. Føl instruksjonen for punkt 1 til og med 3. Føl instruksjonen under for punkt 4 og vidare.

Punkt 4: Klikk «Registrer søknad til Rogaland»

Punkt 5: Klikk «Ordinær søknad». Klikk så «TP TIP1 Teknikk og industriell produksjon»

Velg variant: Under variant må du klikke «TP TIP1 P Teknikk og industriell produksjon, yrkes- og studiekompetanse (TAF)». Du må og klikke «Sauda vidaregåande skule»

Punkt 6: Sjekk at du har vald rett programområde (TAF/YSK) og skule (Sauda VGS).

Etter punkt 6: føl du instruksjonane frå Vigo på vanleg måte.

I tillegg til å søke via Vigo må du sende inn eit eige søknadsskjema til skulen. Du finn lenka til det i høgre marg.

Del denne artikkelen på: