Idrettsfag med Park- og frikøyring (PFL)

Vil du køyre freeski eller snowboard kombinert med skule? Bli med Park- og frikjøringslinja på open dag laurdag 16. februar 2019. Klikk her for påmelding til open dag.

Park- og frikjøringslinja (PFL) vart etablert hausten 2013 og har sidan starten bidratt til at mange skikøyrarar på freeski, freeride og snowboardarar har utvikla seg mykje i kombinasjonen skule og idrett. Linja har hatt elevar med fleire samanlagtsigerar i Norgescupen i frikøyring og deltakarar i junior VM.

Linja skal være eit naturleg val for dei som har park- og frikøyring som hobby.

Korleis søke

Det er ikkje sportslege opptakskrav ved linja, men ein bør ha grunnleggande ferdigheiter i ski- eller snowboard på plass. Innsøking til faget er ulikt alt etter om du søker frå Rogaland eller ein annan stad i landet. Informasjon for deg som er i Rogaland finn du her. Er du ein annan stad i landet finn du informasjonen her.

Trening

I haustsemesteret går mykje av aktiviteten til å førebu seg til vintersesongen. Treninga består av uthald, styrke, basistrening, bevegelegheit og akrobatikk.

I vintersesongen er det trening på snø to dagar i veka i Sauda Skisenter. Skisenteret har og kveldskøyringar der skulen sørger for transport til og frå skisenteret på kveldstid.

Skulen legg til rette for å delta på konkurransar i vintersesongen, for dei som ønsker det.

Buforhold

I 2015 vart det bygd tretti hyblar i elevbustaden Sauda Campus. Det finst og mange private utleigarar.

Lærarane

Lærarar
Trond Carsten Øye
Odd Erik Egge
Trond Carsten Øye
934 24 159
Send epost
Odd Erik Egge
412 08 024
Send epost
To personar som triksar på ski. Foto: Per Inge Fjellheim

Foto: Per Inge Fjellheim

Trampolinehopp i Saudahallen. Foto: Trond Carsten Øye

Foto: Trond Carsten Øye

Ein person på ski. Foto: Per Inge Fjellheim

Foto: Per Inge Fjellheim

Trampolinehopp i Saudahallen. Foto: Trond Carsten Øye

Foto: Trond Carsten Øye

Del denne artikkelen på:
 

Søknadsfrista for søkarar frå Rogaland er 1. mars.

Søknadsfrista for søkarar utanfrå Rogaland er 1. mars.

Vedlegg