Yrkes- og studiekompetanse

Fagbrev eller studiespesialisering?
YSK er begge to –
JA TAKK, begge fordeler!

Invester eitt ekstra år – og slå to fluer i ein smekk. Fire års vidaregåande opplæring resulterer i:

  • Ønska fagbrev
  • Spesiell studiekompetanse med fordjuping i matematikk, fysikk og kjemi – kvalifiserer for vidare ingeniørstudium
  • Inntil tre tilleggspoeng ved søking til høgare utdanning
Skrujern gjennom eple

Eit unikt tilbod i Rogaland

Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er eit unikt vidaregåande skuletilbod, og er i Rogaland lagt til Sauda vgs. Etter fire år har elevane, i tillegg til dobbel kvalifikasjon, også lært mykje om krav, reglar og rutinar i arbeidslivet. Ikkje nok med det:

– dei får løn under opplæringa.

Vekslingsmodell som organisering

Opplæringa er ei veksling veke for veke mellom praksis i bedrift og undervising på skulen.

1. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
2. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
3. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
4. år 2 dagar på skulen 3 dagar i bedrift

Skuledagane har variert innhald med yrkesfagteori og praksis i verkstad kombinert med studiespesialiserande fag. Vekslinga mellom teori og praksis gjer opplæringa motiverande og interessant. Ny lærdom og nye erfaringar kan umiddelbart prøvast ut.

Skule og arbeid i bedrift

Som lærlingar følger YSK-elevane ikkje skuleferiane, men gjeldande ferieordningar.

Bedriftene får lære opp og verte kjende med ungdommar dei vil satse vidare på i framtida. Dei stiller med eigen instruktør som følger elevane.

Sauda vidaregåande skule har eigen YSK-koordinator. Koordinatoren samordnar opplæringa i skule og bedrift og reiser kontinuerleg rundt for å følge opp elevane ved læreplassane. Slik sikrar skulen god kvalitet i opplæringa.

Læreplass og bustad

Yrkes- og studiekompetanse kan søkast av all ungdom i Rogaland uavhengig av bustadadresse. I samarbeid med opplæringskontor i sør- og nordfylket legg me opp til at elevar skal få læreplass nær heimstaden og pendle til undervising i Sauda.

Sauda vgs tilbyr og buplass ved elevbustaden til kr. 3500,- per månad. Her vil det vere tilsyn og oppfølging frå tilsette ved skulen. YSK-elevar vil få prioritet til hyblane ved elevbustaden. Søk så snart som råd.

Kven passar YSK for?

Dette fireårige opplæringsløpet passar for elevar som er flinke i realfag, motiverte for skulearbeid og som har ønske og plan for framtidig yrkeskarriere. YSK er eit tilbod for dei som vil gjere meir ut av si vidaregåande opplæring. Dei som vil kombinere teori og praksis i ein spennande og variert kvardag. Sauda vidaregåande skule har målsetting om full YSK-klasse hausten 2019 med 15 elevar.

Opptak

Viktige kriterium:

  1. Godt karaktersnitt frå ungdomsskule og minimum 4 i matematikk og naturfag
  2. Lite fråvær og gode ordenskarakterar

Kvalifiserte søkarar vil få tilbod om intervju med bedrift for avtale om læreplass.

Søknad skjer via Vigo. Søkarane må ha YSK som første ønske ved søknad til vidaregåande opplæring. I tillegg må du fylle ut eit søknadsskjema direkte til skulen.

Kom på besøk!

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon og for å kome til oss. Me inviterer interesserte søkarar og deira foreldre/føresette til å besøke skulen.

Kom for å sjå skulen og elevbustaden, men kanskje mest for å møte YSK-elevar, lærarar og YSK-koordinatoren.

Del denne artikkelen på:
Fasaden til Campus Sauda

Elevbustaden i Sauda har tretti hyblar i to etasjar. Seks av hyblane i første etasje er universelt utforma.

Presseoppslag om Sauda vgs sitt tilbod om yrkes- og studiekompetanse.

Vedlegg
Kontaktperson