Elevbustad

På skulen sin elevbustad kan du bu sentralt og verte godt kjent med dine medelevar.

Bustaden har tretti hyblar på to etasjar, og seks av dei er universelt utforma.

Ønsker du å vere sosial har bygget eit eige fellesrom med sittegrupper og fjernsyn.

Bygget har rullestolheis, og eit vaskerom med to vaskemaskiner og to tørketromlar.

Utleige føregår via Sauda vidaregåande skule, som har ansvaret for drift og tilsyn.

Hyblane

Hyblane med universell utforming er på 19,5 m². Dei andre hyblane er på 12,9 m². Alle rom har ein kjøkkenkrok, samt eit eige bad med dusj.

Hyblane har trådlaust nett (med moglegheit til å kople til med kabel), og deler ei 50/50-fiberlinje.

I tillegg har kvar hybel ein bod på 2,5 m² i eit separat bygg.

Inventar

  • rammemadrass 90X200
  • 2 stolar
  • skrivebord
  • gardiner
  • kjøkkenkrok (kjøleskap, induksjonskoketopp og komfyr)
  • garderobeskap

Hugs at du sjølv må ta med ting som dyne, pute, sengetøy, overmadrass, dusjforheng og kjøkkenutstyr.

Adresse

Du finn elevbustaden i Torsveien 89, 4200 Sauda. Like ved finn du både Sauda Stadion, minigolf, andedam med uteområde og diverse dyr, samt tursti langs elva.

Leigepris

Den gjeldande prisen for å leige ein hybel i elevbustaden kan du finne i utleigereglementet for elevbustaden.

Korleis søke

For å søke om hybel må du fylle ut søknadsskjemaet for å leige hybel i elevbustaden. Hugs å lese utleigereglementet for elevbustaden som fortel om plikter og rettar i leigeforholdet.

Du bør søke om hybel før du er sikker på om du får skuleplass. Det er mange søkarar, og me startar inntaket på våren.

Dersom det viser seg at du ikkje får skuleplass, mistar du rett på hybel, og avtala vert automatisk annullert utan at du treng å gjere eller betale noko.

Har du takka ja til hybel for deretter å takke nei til skuletilbodet, bør du gi beskjed om det. Avtala vert då annullert utan at du treng å betale noko.

Søk om hybel i elevbustaden