Privathyblar

Dersom du ønskjer å bu på den private bustadmarknaden anbefalar me at du les skulen si liste over ting du bør sjå etter når du skal velgje bustad.

Nøkkelkriterium for eit godt hybeltilvære

  • Utleigar har eit regelverk med forbod mot alkohol og andre rusmiddel
  • Utleigar bur sjølv i huset eller nærmiljøet og kan dermed følge opp leigebuarane
  • Utleigar tilbyr ei form for vaktordning

 

Utleigeobjekt som me anbefalar at du styrer unna

  • Utleigarar som ikkje har eit strengt regelverk mht. alkohol og andre rusmiddel
  • Utleigarar som leiger ut til fleire elevar i same bygg utan ein tydeleg plan for jamnleg oppfølging
  • Utleigarar som som opererer med årskontraktar med eit års binding. Då risikerer du å måtte betala for heile året sjølv om du ønskjer å flytte. 

 

Ta kontakt med skulen om du vil ha informasjon om hyblar til leige i Sauda.