Skulen anbefalar på det sterkaste at du nyttar ei datamaskin med Windows.
Det er teknisk mogleg å nytte Mac på nesten alle utdanningstilbod, men våre tilsette har lite erfaring med operativsystemet, og vil difor ha vanskar med å hjelpe deg dersom det skulle oppstå problem.
Dersom du likevel ønsker å nytte ein Mac bør du ha såpass gode kunnskapar om systemet at du kan løyse utfordringar som oppstår sjølv. Hugs at kunnskapar om korleis du nyttar ein iPad ikkje nødvendigvis fører til at du kan nytte ein Mac – dette er ulike system.
Skal du gå elektro og datateknologi må du nytte Windows, då programma som vert nytta i undervisninga ikkje fungerer på Mac. På Teknikk og industriell produksjon og Bygg- og anleggsteknikk er det og anbefala å nytte Windows – programvara fungerer på Mac, men ikkje optimalt.
Merk at Chromebook og nettbrett ikkje er støtta, då dette kan gi problem med prøvar/eksamenar og programvare du nyttar på skulen.
Dersom du kjøper datamaskin gjennom fylkeskommunen si PC-ordning anbefalar me at du vel å forsikre datamaskina når du kjøper den, sjølv om du eventuelt hadde fått dekka det gjennom ei anna forsikring.
Erfaringa er at elevmaskiner vert utsett for mykje – og reparasjon utan forsikring kan verte både dyrt og tidkrevjande. Forsikringa du kan kjøpe med maskina gjeld for tre år – i dei fleste tilfelle kjem reparatøren på døra dagen etterpå.
NB: Det er kun mogleg å velje forsikringa når du kjøper maskina – du kan ikkje bestille forsikringa på eit seinare tidspunkt.
Det er lurt å bestille maskin så tidleg som mogleg, så slepp du å vente på datamaskina når undervisninga er komme i gang til hausten.
Går du på teknologi- og industrifag, YSK eller bygg- og anleggsteknikk bør du dessutan skaffe deg ei datamus, for å lettare kunne lage 3D-teikningar på datamaskina.
Du må berre ta kontakt dersom det er noko du lurer på.